Jenter og teknologi mistar støtta frå statsbudsjettet

Med unge kvinnelege rollemodellar som studerer og jobbar med teknologi, forsøkjer prosjektet Jenter og teknologi å motivere ungdomsskulejenter til å gå inn i teknologibransjen.

Ein versjon av denne saka vart først publisert i systeravisa vår, Framtida.no.

– Eg synest det er veldig spennande. Eg lærer veldig mykje, seier tiandeklassingen Eva (15).

Ho er saman med venninna Fanny (15) på Jenter og teknologi.

Det er eit arrangement som søker å inspirere jenter i niande og tiande klasse til å velje studium og jobbar innanfor teknologi.

– Det er spennande å høyre om alle moglegheitene som eg ikkje visste at fanst, seier Fanny.

Tiandeklassingane Fanny (15) og Eva (15) synest Jenter og teknologi er spennande og lærerikt. Foto: Mia Huse

Eva har veldig lyst til å bli ingeniør, og vil aller helst jobbe med Formel 1. Fanny er også interessert i å jobbe med teknologi, men ho er ikkje heilt sikker på kva ho vil jobbe med.

Dei seier at dei kjenner seg igjen i at teknologifag og teknologibransjen blir sett på som ein guteting.

– Det hadde vore gøy å representere jentene og klare det, og vise at kvinner kan klare minst like mykje som menn, seier Eva.

Bra respons

Rollemodellane, jenter og kvinner som utdannar seg eller jobbar innan teknologi, fortel at responsen frå dei unge har vore veldig bra.

– Når me svarar på spørsmål etter showa, er det veldig stor interesse, og etter dei siste showa har me fått masse direktemeldingar der jentene seier at dei fekk meir interesse av å gå for teknologiutdanning på grunn av oss, seier Purbina.

– Dei små er kjempeengasjerte. Eg vil tru at det er til stor inspirasjon å sjå oss som også berre er vanlege jenter som ein gong sat der dei sit no. Dei kan stå på ei scene sånn som oss, seier Andrea.

Andrea Fiske (21) er byggingeniørstudent ved NTNU. Foto: Mia Huse

Naudsynt

– Kvinnelege rollemodellar er naudsynt fordi me er i mindretal i teknologibransjen, seier byggingeniørstudent Andrea Fiske (21).

Ho har prata om sin karriereveg for niande- og tiandeklassejenter i heile landet gjennom Jenter og teknologi.

Saman med fem andre rollemodellar prøver ho å belyse for unge jenter alle dei ulike moglegheitene som finst innanfor teknologi.

– Då eg sjølv gjekk på vidaregåande skule, synast eg det var skummelt å ta teknologifaga, fordi det ikkje var så mange andre jenter der, seier Purbina Shahi (22), som studerer programmering og systemarkitektur.

Rollemodell og informatikkstudent Purbina Shahi (22) opplever mykje entusiasme frå jentene ho har show for. Foto: Mia Huse

Ho opplevde sjølv mangel på kvinneleg representasjon i bransjen ho var interessert i.

– Det blir ikkje noko forandring med mindre me er med, så det er viktig for meg å vere med her og fortelje jentene om alle moglegheitene som finst.

Får ikkje pengar lenger

Jenter og teknologi blei starta i 2016, og har sidan blitt finansiert gjennom statsbudsjettet. Men i år foreslår regjeringa å kutte støtta deira fullstendig.

Det vil bety at tilbodet vil måtte opphøyre, ifølgje Nina Engelschiøn Mjåset, som er event- og marknadsansvarleg i Jenter og teknologi.

Andrea og Purbina synest det er veldig dumt at tilskota til Jenter og teknologi er fullstendig kutta i statsbudsjettet.

– Me ser jo at dette har ein påverknad. Responsen frå publikum er kjempebra. Dei kutter moglegheitene og eksempla jentene kunne ha fått frå oss, seier Purbina.

19 år gamle Silja Hasselberg fortel 1000 ungdomsskulejenter om kvifor ho er elektrikarlærling under Jenter og teknologi. Foto: Mia Huse