12 lure leksetips

Kva kan du gjere for å gjere leksene på best mogleg vis?

  • Gjer lekser til ei fast tid kvar dag.
  • Ver streng med deg sjølv og lag avtalar med vener og fritidsaktivitar utanom den faste leksetida.
  • Ikkje logg på pc, ha telefonen av og skru av TV i leksetida.
  • Avslutt leksejobbinga nøyaktig etter at leksetida er ferdig.
  • Avslutt – uansett om du blir ferdig eller ikkje. Hald fram til same tid neste dag.
  • Viss du ikkje har så mykje lekser ein dag, bruk tida til lekser likevel. Du kan øve til prøve eller repetere oppgåver.
  • Er det vanskeleg å konsentrere seg heime, sjekk om du kan sitte ein annan stad – på skulen, eller kanskje på biblioteket?
  • Hugs å spise og få deg litt frisk luft før du startar.
  • Skaff deg ein kalender der du skriv inn kva lekser du skal gjere dei ulike dagane. Eller skriv på vekeplanen.
  • Kryss av på kalenderen eller vekeplanen når du har gjort det du skal.
  • Start å førebu deg til ein prøve med ein gong du får vite at du skal ha prøve.
  • For nokon er det fint å jobbe saman med andre. Pass berre på at du og venene dine blir einige om kva tid dykk skal ta pausar og snakke om andre ting.

LES OGSÅ: Det er bra med leksetimar

(Kjelde: Ung.no)