Nora Bergum Hansen, 7. klasse ved Indre Hafslo skule:
Kva synest du om lekser?
– Eg syns lekser er kjedeleg fordi eg bruker opp fritida mi på lekser.
Kva syns du om å berre ha leselekse, då?
– Det går heilt fint å ha leselekse for å øve på å lese.
Malene Marheim Øygard, 9. klasse ved Luster ungdomsskule:
Kva synest du om lekser?
– Me har lekser både i helgane og i veka, og det er ikkje kjekt! Og så synst eg at lærarane er litt dårlege til å fordele leksene, for nokre dagar har me masse lekser, medan andre dagar har me mindre.
Er det noko som er bra med lekser?
– Det blir litt repetisjon og litt førebuing, men det tar masse av tida eg kan bruke på kjekke ting.
Ådne Marheim Øygard, 2. klasse ved Indre Hafslo skule:
Kva synest du om lekser?
– Kjedeleg, fordi det tek lang tid.
Kva synst du om å berre ha leselekse?
– Bra nok, fordi det tek mindre tid, og er morosamare enn dei andre faga.