Då asteroiden kom mot jorda, må han ha vore eit imponerande syn. Den enorme steinen frå verdsrommet var rundt ti kilometer brei og kom susande gjennom atmosfæren i enorm fart. Heile 70 000 kilometer i timen! Forskarar trur at han lyste så kraftig at himmelen kunne sjå ut som om det var fleire solar på ein gong.
Så trefte han bakken.
Smellet var så kraftig at stein og jord vart kasta høgt opp i lufta. Store mengder støv spreidde seg etter kvart rundt på kloden.
Det fekk store konsekvensar.
Mindre sollys
Støvet stengde ute mykje av sollyset. Då fekk plantane mindre lys til å veksa. Når plantane sleit, vart det også mindre mat for dyra som åt plantar.
Etter kvart fekk også rovdyra problem med å finna mat.
Forskarane meiner at dette sette i gang ei kjede av hendingar som førte til at mange dyr døydde ut. Blant dei var dinosaurane, som hadde levd på jorda i millionar av år.
Sjølv om forskarane ikkje kan vita nøyaktig korleis alt såg ut den dagen, meiner dei at asteroiden endra livet på jorda for alltid.
Kjelde: The Conversation (via Ung.Forskning.no)






















