Her kan du ta farvel med kong Harald

I dag blir kong Harald si båre frakta til Slottskapellet. Der vil det vere mogleg for alle som ønskjer det å kome dit for å ta farvel med den avdøde kongen vår.

Fredag 28. august døydde kong Harald på sjukehuset Rikshospitalet i Oslo. På kvelden vart kongen si båre frakta til Slottet. Båra er ei kiste med den døde personen i.

Båra til kong Harald blei plassert i rommet Røde salong og har stått der i helga. Klokka 16 i dag skal båra bli flytta til Slottskapellet. Slottskapellet er ei lita kyrkje – eit kyrkjerom – inne i Slottet.

Kongeflagget: Creative Commons

Før båra blir flytta, vil ho bli sett på ein katafalk. Ein katafalk er ei fin vogn, som båra kan trillast på. Båra til kong Harald vil også bli dekt med kongeflagget. Deretter skal ho førast til Slottskapellet i ein prosesjon. Ein prosesjon er når menneske saman går langsamt og høgtideleg frå ein stad til ein annan.

Det er kongens hoffsjef som skal leie prosesjonen. Han skal bere kongekrona på ei pute. Saman med han går leiaren for det kongelege sekretariatet som skal bere rikssverdet.

I prosesjonen er det Kong Harald sine barn og barnebarn som skal føre båra frå Røde salong og inn i Slottskapellet. Dronning Mette-Marit og dronning Sonja skal også gå saman med båra. I tillegg skal tilsette ved Det kongelege hoff vere med i prosesjonen.

Kong Haralds båre skal stå i Slottskapellet fram til han skal gravleggjast 9. september. Frå tysdag 1. september til tysdag 8. september kan alle som vil delta i defilering. Defilering vil seie å ta eit siste farvel med kongen, ved å gå sakte forbi båra hans.