Kong Harald er død

Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokka 06.35.

Kong Harald V
  • Harald V vart fødd 21. februar 1937 på Skaugum. Han var den første norskfødde prinsen på 567 år.
  • Son av kong Olav V og kronprinsesse Märtha. Bror til prinsesse Ragnhild og prinsesse Astrid.
  • Dei tre første åra av sitt liv budde han på Skaugum i Asker, men under den tyske okkupasjonen budde han med mor si og to søstrer i Washington DC. Kong Haakon og kronprins Olav oppheldt seg i London.
  • Då krigen var over, byrja han på Smestad skule i Oslo. Han heldt deretter fram utdanninga på Oslo katedralskole og tok eksamen og var raudruss i 1955.
  • Etter artium byrja prins Harald på Kavaleriets befalsskule og gjekk deretter Krigsskulen, før han reiste til Oxford der han studerte samfunnsvitskap, historie og økonomi ved Balliol College.
  • Då kong Haakon VII døydde i 1957, vart Harald kronprins og møtte for første gong i statsråd.
  • Den 29. august 1968 gifta kronprinsen seg med Sonja Haraldsen i Oslo domkyrkje.
  • Dei to fekk to born, prinsesse Märtha Louise (fødd 22. september 1971) og kronprins Haakon (fødd 20. juli 1973), og dessutan fem barneborn.
  • Fire dagar etter kong Olavs død 17. januar 1991 avla kong Harald eid i Stortinget. Han tok valspråket «Alt for Norge», som far og farfar.

Kjelder: Kongehuset og NTB

(©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Det opplyser Kongehuset fredag morgon.

– Det er med djup sorg eg har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Saman med stortingspresidenten Masud Gharahkhani (Ap) og høyesterettsjustitiarius Toril Marie Øie, var statsministeren blant dei første utanom kongefamilien som fekk vite om dødsfallet.

Foto: Åshild Slåen

Forverra helse

Torsdag morgon informerte slottet om at kongen si helse hadde blitt verre etter han vart lagt inn på Rikshospitalet 17. august.

Han vart behandla for sjukdommen hemolytisk anemi, der kroppen bryt ned raude blodceller for fort til at kroppen får laga nye.

Både dronning Sonja, kronprinsparet, prinsesse Ingrid Alexandra og prinsesse Astrid besøkte sjukehuset.

Kong Harald vart 89 år, og har vore konge i 35 år, sidan 1991. Sonen Haakon blir no konge.

LES OGSÅ: Slik hugsar vi kongen: Ni gongar kongen var konge

Folk i hovudstaden har strøymt til Slottsplassen for å leggje ned blomar.

Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken