Påverkarar blir bitne for den «perfekte» haifilmen

Det har blitt ei trend blant påverkarar å lage innhald saman med haiar. I det siste har dette ført til at fleire har blitt bitne, fordi påverkarane har sumt for nære haiane. No meiner ekspertar at det er nok.

Hai
  • Dei fleste haiar er rovdyr og har skrape tenner i fleire rekkjer i munnen.
  • Dei fleste haiar lever i 20–30 år, men nokre kan blir 70–100 år.
  • Haiane som lever lengst er håkjerringane, som kan bli 300 år.
  • Brugde, håkjerring, kamtannhai og pigghå er blant haiane som finst i Noreg.
  • Kvithai, tigerhai og oksehai er dei farlegaste haiane og dei finst ikkje i Noreg.

Kjelde: Vesle norske leksikon

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Sjølv om haiar sjeldan angrip menneske utan grunn, har det vore ein auke i bitingar dei siste åra. Forskarar meiner dette handlar om at menneske beveger seg alt for nær haiar ute i havet – ofte for å få ein bra video dei kan poste i sosiale medium, skriv BBC.

Berre det siste året har tre kjende menneske blitt bitne. Brasilianske Tayana Dalazen er ein av påverkarane som har sumt med haiar. Då ho var ute i havet med dei store fiskane, kjende ho plutseleg at noko beit henne i foten.

– Det var veldig smertefullt, men eg var roleg for eg visste at eg ikkje kunne slåst mot dyret, seier Tayana til BBC.

Det var ein to meter lang ammehai som hadde sett tennene i påverkaren. Etter nokre sekund sleppte haien taket og påverkaren kom seg trygt unna.

Dette er ein ammehai. Foto: Stevelaycock21 / Wikimedia Commons / CC BY-SA 4.0

Nærkontakt plagar haiane

Forskarar understrekar at haiar ikkje er stygge monster, men ville rovdyr som treng rom rundt seg utan å bli forstyrra.

Dersom menneske kjem for nær haiar, kan dei fort reagere med å bite. Dette kan dei gjere både for å forsvare seg og for å utforske. 

Nokre påverkarar meiner at dei lagar innhald med haiar for å vise at dyra er ufarlege og at det er viktig å ta vare på dei. Dette meiner forskarar ikkje er god nok grunn til å bevege seg nær og plage haiar.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here