Blodet i kroppen vår består av blodceller og blodplasma som cellene flyt rundt i. Vi har tre hovudtypar blodceller: raude blodceller, kvite blodceller og blodplater.
Dei tre blodcelletypane har ulike oppgåver. Dei raude blodcellene blir laga i beinmergen vår og fraktar oksygen frå lungene og ut til alle cellene i kroppen. Alle celler treng oksygen for å overleve.
Etter at dei raude blodcellene har gjort jobben sin, kvittar kroppen seg med dei ved å bryte dei ned. Samstundes lagar beinmergen nye raude blodceller, som fortset jobben med å frakte oksygen rundt i kroppen.
For lite raude blodceller
Nokre gonger kan kroppen rett nok bryte ned dei raude blodcellene for fort – så fort at beinmergen ikkje rekk å lage nye celler. Då er det plutseleg for få raude blodceller til å frakte oksygen rundt i kroppen. Personar som dette skjer med har ein sjukdom som heiter hemolytisk anemi.
Førre veke blei det kjend at kong Harald den siste tida har fått behandling for nettopp hemolytisk anemi. Denne behandlinga gjorde at han fekk væskesamling i kroppen – at kroppen held på for mykje vatn, slik at ein hovnar opp. Det var væskesamlinga kong Harald blei lagt inn på sjukehuset for å få behandling for.
Bakteriar i blodet
Søndag skreiv Kongehuset at kong Harald har blitt sjukare i helga på grunn av ein infeksjon med bakteriar i blodet.
Bakteriar er små, levande skapningar som består av éi celle. Mange bakteriar er nyttige, men nokre kan gjere oss sjuke. I blodet er det ikkje nyttig å ha bakteriar. Då vil kroppen jobbe på høggir for å bli kvitt dei, noko som kan føre til feber, trøyttleik og at hjarta slår fort. Då har ein infeksjon.
Legane på Rikshospitalet behandlar no kongen for infeksjon på grunn av bakteriar i blodet, ved å gi han antibiotika. Medisinen antibiotika drep bakteriar som gjer oss sjuke.
Kongehuset opplyser at antibiotikabehandlinga ser ut til å hjelpe, og at situasjonen er stabil. Det vil seie at kongen si helse ikkje ser ut til å bli verre.



















