Sjå opp på himmelen 12. august!

Då kan du nemleg sjå fleire naturefenomen – både solformørking og ein meteorsverm.

Frå klokka 18.40 onsdag 12. august kan du sjå den største solformørkinga i Noreg på ti år, skriv NRK. 

Ei solformørking er når heile eller delar av Sola er skjult bak Månen på himmelen. Dette skjer fordi Jorda går i bane rundt Sola og Månen går i bane rundt Jorda. Då kan det skje at dei tre himmellekamane ligg på ei rett rekkje bortanfor kvarandre, noko som gjer at Månen skuggar for Sola.

Dette kan verke litt rart sidan månen er 400 gonger mindre enn sola, men fordi Sola ligg 400 gonger lenger borte frå Jorda enn Månen, ser dei like store ut for oss menneske på Jorda. Månen kan difor dekkje over Sola.

Onsdag vil sola vere heilt dekt av månen i delar av Europa. Dette blir kalla ei total solformørking.

I Noreg kan vi sjå ei delvis solformørking der 85 til 90 prosent av sola blir dekt. Her er tidspunkta du kan sjå solformørkinga ulike plassar i Noreg:

  • Nordkapp: 18.42
  • Tromsø: 18.45
  • Bodø: 18.49
  • Trondheim: 18.56
  • Bergen: 19.02
  • Oslo: 19.03
  • Kristiansand: 19.06

Om du vil sjå solformørkinga er det viktig å passe på auga dine. Det kan nemleg vere skadeleg å sjå direkte på sola, sjølv om ho er delvis dekt til. Dersom du skaffar deg solformørkingsbriller, kan du rett nok trygt sjå mot sola under solformørkinga. 

Det er viktig å ha solformørkingsbriller om ein skal sjå rett på ei solformørking. Foto: Jason Howell / Unsplash

Meteorsverm på kvelden

Det er ikkje berre solformørkinga som viser seg på himmelen onsdag. Seinare på kvelden vil meteorsvermen Perseidene kome til syne dersom det er klarvêr, ifølgje NRK.

Ein meteorsverm er når mange meteorar viser seg på himmelen på same tid. Ein meteor er ei glødande lysstripe på himmelen. Det skjer når ein meteoroide, støv eller klumpar av metall og stein, kjem inn i Jorda si atmosfære.

For å kunne sjå meteorsvermen godt, gjeld det å ha det mørkast mogleg rundt seg. Du kan til dømes gå inn i skogen eller på fjellet. Då vil lyset frå meteorsvermen bli mykje tydelegare enn om du er blant gatelys og andre lyskjelder.

Dette bilde viser ein meteorsverm over delstaten Arizona i USA i 2023. Foto: NSF’s NOIRLab via AP / NTB