Mange gruar seg til dyre juleutgifter


Éin av fem nordmenn er redde for at dei ikkje har råd til julefeiring i år. Det gjeld spesielt mange barnefamiliar.

Tala kjem frå Frelsesarmeens fattigdomsbarometer. Totalt 19 prosent seier dei er bekymra for utgiftene, og blant barnefamiliar gjeld det éin av fire.

– Me ser ingen betring frå i fjor, og det bekymrar oss, seier assisterande sosialsjef Elin Herikstad i Frelsesarmeen i ei pressemelding.

Samtidig seier 19 prosent at økonomien deira har blitt betre dei siste seks månadene. Det er den største framgangen sidan august 2023.

Det var NTB som fyrst omtala saka.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here