Kor mykje får femteklassingar i vekeløn i 2026?

Ikkje alle barn får vekepengar, og beløpet varierer frå heim til heim. Kva må eigentleg Mari, Julia og Anni gjera for å få vekeløn, og kor blir det av pengane?

 

Julia Habbestad Oma. Foto: Cecilie Rønhovde

Julia Habbestad Oma (10)

Får du vekepengar, og kor mykje?

– Av og til, 50,- kroner.

Kva gjer du med vekepengane?

– Eg sparar til eg ser noko eg likar, då kjøper eg det. For eksempel godteri og squishy.

Kva gjer du for å få vekepengane?

– Tar utav oppvaskmaskina.

 

Mari Gunersen Ingvaldsen. Foto: Cecilie Rønhovde

Mari Gunersen Ingvaldsen (10)

Får du vekepengar, og kor mykje?

– Ja. 150,- kroner annakvar veke, når eg er hos pappa.

Kva gjer du med vekepengane?

– Noko sparar eg, noko kjøper eg squishy for, kanskje nokon gongar kjøper eg godteri.

Kva gjer du for å få vekepengane?

– Eg må legga saman klede og ta utav og setja inni oppvaskmaskina. Og så må eg rydda rommet mitt om det er rotete.

 

Anni Kryger. Foto: Cecilie Rønhovde

Anni Kryger (10)

Får du vekepengar, og kor mykje?

– Eg har ei liste med ting eg må gjere, og får 50,- kroner for kvar ting eg gjer.

Kva gjer du med vekepengane?

– Av og til sparar eg til ting eg har sett og har lyst på. Nokre gongar kjøper eg berre snop. Eg bur rett ved Kiwibutikken, så det er litt farleg og.

Kva gjer du for å få vekepengane?

– Til dømes å ta inn og ut av oppvaskmaskina, og rydda rommet. Viss rommet er veldig rotete så får eg 100,- kroner.

Lure jenter

– Ein gong tømte Julia og eg ut alle kleda frå klesskapet i ein stor haug på golvet. Me hoppa i den frå senga. Då fekk eg 200,- kroner for å rydda rommet fordi det var så rotete. Då delte eg pengane med Julia fordi me hadde rydda (og rota) i lag.