Tidlegare denne veka, skreiv vi ei sak om kunnskapsministeren sitt ynske om å ha mindre skjerm i klasserommet.
Påtroppande leiar for Elevorganisasjonen (EO), Martine Løkken Svendsen, følgde med på pressemeldinga som kom frå Arbeidarpartiet rundt dette temaet.
– Dei vil fjerne digitale ferdigheiter som ei grunnleggjande ferdigheit frå første trinnet, seier ho. Det meiner ho er heilt baklengs.
Lærarane må bestemme
For EO er det viktig at det er ein balanse mellom skjerm og bøker. Men det er ein ting som er spesielt viktig for Martine.
– Det er lærarane som kjenner sine elevar. Det er dei som må bestemme kva som vil fungere i deira klasserom, seier Martine.
Ho forklarar at det er håplaust at den sitjande regjeringa ønskjer å kutte digitale ferdigheiter for seksåringane. Dette er fordi EO meiner desse forslaga kan gjere at skular ser på digitalisering som mindre viktig i skuleopplæringa.
– Det er ingenting i framtida som tilseier at ein skal slutte å lære elevar om teknologi, seier ho, og legg til: – Det er faktisk ganske sjukt.
Skulen sitt ansvar
Martine presiserer at framtida ser ut til i hovudsak å handle om skjerm og digitalisering. Derfor er det viktig at elevar lærer om dette på skulen.
– Det er skulen sitt ansvar å passe på at elevane får den opplæringa dei treng. Det kan ikkje vere noko barn lærer i fritida, seier ho.
Om det blir foreldre sitt ansvar å lære om digitalisering, så forklarar Martine at det kan skape store sosiale skilnadar.
– Det er ikkje alle som kjem til å få god nok opplæring om skjermbruk, kommunisering, IT og sosiale medium. Då vil nokon få det, og nokon vil ikkje få det, seier Martine.