Lærar tipsar: Slik får du ein bra skulestart

Hanne har vore lærar i 13 år. Sjølv gler ho seg stort til skulestart. Her kjem ho med tips til korleis elevane også kan få ein best mogleg start på skuleåret.

Hanne Wiig er lærar på Brynseng skole i Oslo og år skal ho undervise på 6. trinn. Sjølv synest ho det beste med skulestart er forventingane og spenninga, og det å bli kjent med nye barn.

– Sjølv om eg har jobba lenge som lærar, så kjenner eg framleis at det kriblar litt ekstra i magen første skuledag, fortel Hanne til Framtida junior.

Ho meiner at det som er så fint med eit nytt skuleår er at du som elev kan tenke at du startar litt på nytt.

– Du kan sette deg nye mål og det du følte at du ikkje fekk til i fjor, får du ein ny sjanse til å meistre i år.

Her deler lærar Hanne fem tips til korleis du kan få ein best mogleg start på skuleåret:

1Ver nysgjerrig

Det er eigentleg lurt å vere nysgjerrig på alt du ser og høyrer. Still spørsmål når du høyrer læraren forklare, undre deg over det du les og tørr å prøve nye aktivitetar eller måtar å lære på. Ver nysgjerrig på klassekameratane dine og ha eit ønske om å bli kjent med dei. Nysgjerrigheit er så viktig fordi det er ei drivkraft for læring.

2Ver ein god venn

Barn lærer betre når dei trivst og føler seg som ein del av fellesskapet. Det er viktig å ha ein eller fleire gode vennar på skulen som du kan snakke og leike med, eller å ha gode klassekameratar som hjelper deg eller gir deg omsorg når noko kjennest vanskeleg på skulen. Derfor er det fint å ha fokus på å hjelpe, trøyste og inkludere dei rundt deg.

3Ta pausar og ver aktiv

Du blir sliten i hovudet av å konsentrere deg og halde fokus på oppgåver over lang tid – da treng hovudet pause. Ein flott måte å ta ei pause på er å vere i fysisk aktivitet. Kroppen treng jo å bevege seg innimellom. Om du ikkje er fysisk aktiv med jamne mellomrom kan det hende du blir uroleg i kroppen, og har vanskeleg for å sitte stille og konsentrere deg.

4Ha med god og stor matpakke

På skulen jobbar kroppen hardt både fysisk, i friminutta og i gymtimane, men også ved å tenke og konsentrere seg. Utan nok mat kan du kjenne deg sliten, og du orkar kanskje ikkje å til dømes gjere oppgåver eller spele fotball i friminutta. Du bør ete både frukost og lunsj som gjer at du held deg mett lenge, for da er det lettare å konsentrere seg og vere med på aktivitetar. 

5Snakk om det som er vanskeleg

Dersom du av ein eller annan grunn gruar deg til skulestart og det å vere på skulen, bør du snakke om det med foreldra dine. Da kan dei snakke med læraren din og saman finne ut kvifor du gruar deg. Dei fleste elevar er litt nervøse før skulestart, men så ordnar det seg som regel veldig fint.