Årleg gjennomfører organisasjonen OECD PISA-undersøkinga. PISA står for Programme for International Student Assessment som betyr program for internasjonal studentvurdering, på norsk. At noko er internasjonalt vil seie at det er noko som gjeld for mange land.
PISA-undersøkinga blir gjort blant 15-åringar over heile verda, kvart tredje år. I 2025 svara over 760 000 elevar frå til saman 91 land på undersøkinga. I Noreg deltok 6500 elevar på 10. trinn i undersøkinga.
Slik deltek ein
Elevane som deltek i PISA-undersøkinga blir tilfeldig trekte ut. Dei som blir trekt ut må delta, dersom dei ikkje har ein veldig god grunn til å ikkje gjennomføre undersøkinga.
PISA-undersøkinga består av ein del med spørsmål og oppgåver som gjeld rekning, lesing og naturfag. Denne delen tek om lag to timar å gjennomføre. Den andre delen tek om lag ein halvtime. Her må ein svare på spørsmål om familie, skule og bakgrunn.
Resultata frå PISA-undersøkingane skal mellom anna brukast til å finne ut kor godt ungdommar er førebudde til å møte utfordringar i framtida og om dei er i stand til å fortsetje å lære heile livet.
I Noreg er PISA ein del av kvalitetsvurderingssystemet for skulen – eit system som skal hjelpe å sikre at barn i den norske skulen lærer det dei skal. Det gjer ein ved å utvikle ny skulepolitikk og nye tiltak for å forbetre skulen, med bakgrunn i resultat frå til dømes PISA-undersøkinga.
Årets resultat viser ei dårleg utvikling
Resultatet frå PISA-undersøkinga 2025 vart kjent tysdag denne veka. PISA-undersøkinga frå 2022 viste at elevar over heile verda hadde fått dårlegare evner i dei tre temaa dei blei testa i. Årets undersøking viste at denne utviklinga har halde fram i mange av deltakarlanda.
Blant grunnane til at 15-åringar gjer det stadig dårlegare, er dårlegare evne til å konsentrere seg over tid, mykje bruk av kunstig intelligens og mangel på lærarar over heile verda.
Vil jobbe for å snu situasjonen i Noreg
PISA-undersøkinga viser at også norske 15-åringar held fram med å gjere det dårlegare i matematikk, lesing og naturfag. Undersøkinga viser også at norske elevar gjer det dårlegare enn elevar i andre land som vi gjerne vil samanlikne oss med, skriv VG.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun meiner desse resultata er svært alvorlege.
– Vi ser at forskarane peiker på at årsakene til dette er samansette, men digitalisering i norsk skule blir trekt fram som ei årsak til den negative utviklinga, seier kunnskapsministeren til NRK.
Nordtun seier også det vil kome nye, kraftfulle grep for å endre denne utviklinga i norsk skule.






















