Riksrevisjonen
Riksrevisjonen er dei som passar på at staten og regjeringa bruker samfunnet sine pengar blir brukt på ein lovleg, riktig og smart måte.
Kjelde: Store norske leksikon
Riksrevisjonen la nyleg fram ein rapport om elevar sine grunnleggjande ferdigheiter. Grunnleggjande ferdigheiter er å kunne lese, å kunne skrive, å kunne regne, munnlege evne og digitale evne.
Rapporten viser at nesten kvar tredje elev som går ut av grunnskulen, ikkje har ferdigheiter i lesing og rekning som er nødvendige for å kunne fungere godt i samfunnet, skriv NRK.
I rapporten står det mellom anna at Kunnskapsdepartementet har gjort lite for å forbetre undervisninga. Kunnskapsdepartementet jobbar for at Noreg skal ha god undervisning og utdanning.
Politikarar tek det på alvor
– Det er svært alvorleg. Eg tek ansvaret for å snu denne utviklinga, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK.
Høgre-politikar Monica Molvær peiker på at lesing, skriving og rekning er viktig for all anna læring.
– Difor er det dramatisk når nesten kvar tredje elev har ferdigheiter på lågaste meistringsnivå.
Vil ha færre timar i skulen
Raudt-politikar Hege Bae Nyholt spør om norsk skule er tilpassa elevane sine behov, eller om det som blir gjort først og fremst blir gjort for at politikarane skal følast eg bra.
– Vi må leggje opp til ein skulekvardag med færre timar og meir leik som gjer ungar i stand til å lære, seier Nyholt til NRK






















