Det er ein ny studie gjennomført av forskarar i USA, som viser at unge slit meir enn eldre med å skilje sant frå usant, skriv forskning.no.
Dette trass i at tidlegare forsking viser at eldre deler meir feilinformasjon på nett.
Unge les nyheiter annleis enn eldre
Medieforskar Kristin Skare Orgeret trur årsaka til at unge slit mest med å skilje sant frå usant, handlar om at dei les nyheiter på ein annan måte enn eldre.
– Mange får informasjonen sin gjennom sosiale medium. Der er det ofte uklart kva som er journalistikk og kva som er personlege meiningar eller rein usann informasjon, seier forskaren til forskning.no.
Falske nyheiter spreier seg lett
Litteraturforskar Silje Susanne Alvestad peiker på at det ofte blir brukt eit bestemt språk i falske nyheiter. Dette gjer at dei spreier seg raskare enn sanne nyheiter.
– Ofte inneheld falske nyheiter uttrykk som signaliserer stor grad av sikkerheit og sterke negative følelsar, seier forskaren.
Alvestad peiker òg på at kunstig intelligens gjer det vanskelegare å skilje sann frå usann informasjon.