– Me sjekkar fleire kjelder

Framtida Junior har snakka med Marie (10), Vilas (10) og Eloah (10) om dei har blitt lurt av falske nyhende.

Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Marie Solvang Raa (10)

Kor les du nyhende?
Eg ser på nyhende på NRK og TV2 viss foreldra mine ser på det. Det er spennande, nokon gongar litt skremmande. Av og til ser eg på Supernytt.
Har du sosiale medium?
Nei.
Brukar du leksikon som kjelde?
Eg brukar Store norske leksikon viss me skal sjekka noko på skulen. Viss eg finn ein artikkel eg ikkje trur eg sann, samanliknar eg med leksikon for å sjå om eg kan stola på den. I for eksempel Wikipedia kan folk skriva ting som ikkje er sant. Det kan dei ikkje i Store norske leksikon.
Har du blitt lurt?
Nei, eg ser jo helst på NRK og TV2, så det er kjelder eg stolar på.

 

Vilas Helskog Norvik (10)

Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Kor les du nyhende?
Eg ser på shorts på YouTube. Av og til Supernytt på skulen.
Har du sosiale medium?
Eg har Snapchat og ser nyhende der av og til.
Brukar du leksikon som kjelde?
Nei. Viss eg skal finna fakta, søkjer eg på Google. Eg samanliknar artiklar eg finn og sjekkar kva eg kan tru på.
Har du blitt lurt?
På YouTube shorts har eg fått opp videoar som viser at Trump er blitt president i USA igjen. Det veit eg er falske nyhende. Det er mange Deepfake-videoar som viser falske ting som ser heilt ekte ut.

 

Foto: Viel Marte D. Kunnikoff

Eloah Skulberg Desoza (10)

Kor les du nyhende?
Eg googlar eller les pappa sine aviser. Eg ser også på Supernytt.
Har du sosiale medium?
Eg ser på shorts på YouTube.
Brukar du leksikon som kjelde?
Ja, Store norske leksikon brukar eg viss eg lurer på noko til ei oppgåve eller er nysgjerrig på noko.
Har du blitt lurt?
Ikkje som eg veit om. Viss eg er usikker, så søkjer eg på det andre stader og sjekkar om fleire har skrive det same. Søstra mi seier at falske nyhende kan føre til konfliktar i verda. Det er eg einig i.