Russland krev at Wikipedia slettar artiklar om krigen

Vil krevje at Wikipedia betalar 400.000 kroner i bot for å ha spreidd «falsk» informasjon.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lesa om at det er Dobbelt så mange kvinnelege jegerar og at Solstrålane kjem til å bli ekstra sterke denne påsken. Bruk derfor solfaktor 30.


Russiske styresmakter krev at Wikipedia skal slette fem artiklar frå sine sider om krigen i Ukraina.

Det skriv statlege russiske nyhendebyrå, ifølgje svenske Aftonbladet.

Det var ABC Nyheter som fyrst omtalta saka i Noreg.

Fire millionar rublar i bot

Wikipedia skal dei siste dagane har motteke fleire forespurnadar frå den russiske statsadvokaten, og det vert hevda at Wikipedia gir falsk og misvisande informasjon.

Russiske styresmakter vil halde Wikipedia ansvarleg dersom dei nektar å fjerne informasjonen, og vil krevje ei bot på om lag fire millionar rublar (415.000 kroner) for å ha spreidd «falsk» informasjon til det russiske folk.

Skjermdump frå Wikipedia.

Ulovleg å kalle det ein krig

I Russland er det nemleg ulovleg å kalle krigen for ein krig. Ifølgje styresmaktene er det ein «militær spesialoperasjon».

Det betyr også at dei som sprer «feil» informasjon om krigen i Ukraina kan verte straffa med inntil 15 år i fengsel.

Det er dimed vanskeleg for innbyggjarane i Russland å finne god, truverdig informasjon om krigen i Ukraina.

Uavhengige aviser vert stempla som «utanlandske agentar», sensurerte og eller tvinga ut av landet, og dei statlege media skildrar eit heilt anna bilete enn den røyndomen ukrainarar har levd i den siste månaden.

Dei statlege media fortel at Russland driv ein «fredsbevarande innsats». Dei fortel ikkje at Russland har brote folkeretten ved å invadere nabolandet, og om dei hundretals sivile som vert drepne av luftåtak og bomber.

Fryktar blokkering av Wikipedia

Russland har med dei nye lovene jaga ut store, internasjonale mediebyrå. I tillegg har dei blokkert Facebook og Instagram, og mange fryktar no at dei også vil blokkere Wikipedia.

1. mars, ei veke etter invasjonen av Ukraina, kom det meldingar om at Russland ville blokkere russisk Wikipedia, ifølgje Slate.

Fleire lastar no ned heile Wikipedia på russisk, for å kunne behalde informasjonen dersom sida skulle bli blokkert i Russland.