Elevundersøkinga: – Alvorleg at vi framleis har så høge mobbetal

12 prosent av elevane på 7. trinn svarar at dei har blitt mobba.

Elevundersøkinga 2024
  • Elevundersøkinga vart gjennomført i november 2024. Rundt 442 000 elevar deltok i undersøkinga.
  • Alle skular gjennomfører undersøkinga på 7. og 10. trinn og første trinn på vidaregåande.
  • Nesten 9 av 10 i vg1, og i overkant av 8 av 10 elevar på 7. og 10. trinn, svarar at dei trivst godt på skulen.
  • På 7. trinn svarar 12 prosent at dei har vore utsette for mobbing. På 10. trinn er andelen 11 prosent og i vg1 er andelen 6 prosent.
LES FAKTALUKK FAKTA

Elevundersøkinga 2024 viser at dei fleste elevane trivst på skulen. Likevel svarar 12 prosent av sjuandeklassingane at dei har vore utsette for mobbing.

Det er om lag det same som i fjor, etter to år med auke i talet på elevar som svarar at dei blir mobba.

– Altfor mange

– Det er godt å sjå at mobbetala ikkje aukar enda meir, men det er altfor mange elevar som opplever mobbing, seier utdanningsdirektør Morten Rosenkvist i ei pressemelding.

Madelen Kloster, leiaren i Elevorganisasjonen, meiner vi har ein jobb å gjere for å snu mobbetrenden.

– Det er alvorleg at vi framleis har så høge mobbetal i norsk skule. I sjuande klasse er det tre til fire elevar i kvar klasse som opplever å bli mobba, og dette er altfor mange elevar, seier ho på telefon til Framtida.no.

– Læring og trivsel heng saman

Elevorganisasjonen meiner at det som skal til for å skape ein betre skulekvardag for alle elevar, er å bygge eit sterkt lag rundt eleven.

– Det betyr at vi må sikre at vi har kvalifiserte lærarar i kvart klasserom, og ikkje minst må vi ha miljøarbeidarar på kvar skule og ei styrking av skulehelsetenesta, sånn at alle elevar føler seg trygge medan dei er på skulen.

Kloster peikar på at læring og trivsel heng saman, og trekker fram at Ungdata-undersøkingane viser at motivasjonen i femte klasse har gått ned.

– Det viser at den teoretiske skulen vi har i dag kanskje ikkje er for alle elevar og at vi må skape ein meir praktisk og variert skule sånn at fleire elevar føler på motivasjon og meistring i skulekvardagen sin.