Å bli skremt av ei bok er noko du aldri gløymer

Forfattar Tor Arve Røssland såg skrekkfilmar som barn, og no likar han å skremma lesarane sine. I haust er han festivalforfattar på verdas største festival for barnebøker på nynorsk, Falturiltu.

Fakta: Tor Arve Røssland
  • Røssland har vore nominert til Uprisen fleire gonger.
  • Boka «Glimt» blei kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.
  • Nynorsk barnebokfestival Falturiltu går føre seg på Stord i Vestland frå 29. okt. til 07. nov.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Eg vil jo ikkje at lesarane mine skal bli så skremte at dei får mareritt i lang tid etterpå, men litt må dei tola. Å bli skremt av ei bok er noko du aldri gløymer, seier Tor Arve Røssland.

Forfattaren har skrive over 20 bøker for barn og unge, om alt frå zombie-apokalypse på Bømlo, om det å vera på rømmen i New York, til korleis det var å vera ung under andre verdskrigen. Dei mest kjende bøkene hans handlar om Svarte-Mathilda, ein karakter som har fått ungdommar til å grøssa over heile landet. 

Første boka om Svarte-Mathilda kom ut i 2010.

– Når eg reiser rundt på skular så opplever eg elevar som hugsar å ha blitt skremt før ein gong når eg var der, men også tidlegare elevar som no er blitt lærarar som blei skremde for veldig mange år sidan. Dei hugsar det framleis, og det synest eg er gøy.

Radioteater og teikneseriar

Då Tor Arve Røssland vaks opp, var det berre ein halv time med barne-TV kvar kveld. Han høyrde mykje på Barnetimen for dei minste på radio.

– Det var mykje fantasy. Historier om invasjon frå verdsrommet. Jules Vernes. Roald Dahl. Charlie og Sjokoladefabrikken. Bøker og historier blei spelte ut med lydeffektar og forteljarstemmer som reiv meg med. Eg hugsar eg låg på ei pute på golvet og slukte alt som kom ut frå radioen.

På spørsmål om han las bøker i oppveksten svarar han: 

– Eg las ikkje så mykje bøker, men det blei mykje teikneseriar. Det gjer eg av og til framleis. Det byrja med Donald, Asterix og etter kvart seriealbum, der fleire ulike seriar var omsette til norsk og utgitt samla.

Tor Arve Røssland og bøkene han har skrive.

Skrekk og gru 

– Eg såg mykje skrekkfilmar i oppveksten. Foreldra mine såg ein del saman med meg. Eg hugsar eg såg Exorsisten som 10-12-åring, og var totalt oppslukt. Foreldra mine brydde seg ikkje. Mor mi strikka, og far min sovna. 

Fekk du ikkje mareritt?

– Nei, eg har aldri hatt mareritt. Eg hugsar eg var sterkt fascinert av mysteria i filmane, korleis du plutseleg fekk veta noko som endra alt. Korleis fekk dei det til? Eg såg filmane om att mange gonger, og enkelte minne kan eg grøssa litt over sjølv i dag. Det at eg blei skremt som ung har eg brukt i skrivinga mi seinare.

Fattigmannsfilm

På spørsmålet om kvifor han ville bli forfattar svarar han:

– Eg orka ikkje få ein vanleg jobb. Å laga film er for vanskeleg, så då tenkte eg på å skriva bok. Så blei det ei bok til, og ei til, og sånn går no dagane. Men bøkene mine er ein slags fattigmannsfilm. Eg skriv ikkje kapittel, eg skriv scenar, og kryssklipper mellom ulike scenar. Og så høyrer eg på musikk heile tida når eg skriv.

Ivar Aasen er alltid i nærleiken når Tor Arve Røssland skriv.

Røssland må først grubla ganske lenge når han byrjar på ei bok. Så finn han ein ide som han prøver ut. Sannsynlegvis må han prøva fleire idear før han til slutt bestemmer seg. Då byrjar han skriva det som skal skje i boka, sjølve handlinga. Karakterane kjem litt slengjande etter kvart.

– Eg veit stort sett alltid korleis handlinga kjem til å gå, så det kan vera litt kjedeleg å skriva den ut. Det beste er når handlinga er på plass og eg kan starta å jobba med språket. Då kosar eg meg med å snakka litt høgt for meg sjølv for å testa replikkane til karakterane i boka: Er dette noko nokon ville sagt?

Siste boka til Røssland, krigsromanen «Alt er lov», brukte han tre år på å skriva om.

Kjekke skulebesøk

Røssland har reist rundt på skular med den Kulturelle Skulesekken i over femten år og seier det hadde blitt kjedeleg å vera forfattar utan å få treffa elevane. Forfattaren har også halde veldig mange skrivekurs for ungdom.

– Det er dei eg vil skriva for no. Eg har prøvd å skriva for vaksne, men det blei likevel som ei ungdomsbok, berre at hovudpersonane var eldre. Men vaksne kan jo ha dei same problema som ungdommar. 

Dritsekk

Har du ei skriveøving som Framtida Junior sine lesarar kan prøva seg på?

– Ei oppgåve eg ofte brukar på skulane er denne: Skriv om ein dritsekk som har gebursdag. Skriv det som ein tale du skal halda i selskapet, eller som eit dikt, eller eit eventyr. Det er jo ikkje lov å sei dritsekk på skulen, så det synest eg er litt gøy å tulla med. 

Heime i stova til Tor Arve Røssland er det mykje rart og stilig på veggane. Ivar Aasen stiller også på dette bildet.

– Det er ekstra gøy om elevane tør å lesa opp. Det skjer innimellom at lærarane kjem bort til meg og seier: Han har ikkje skrive noko på tre år, og no har han stått her og lest det han har skrive høgt! Det er kjekt.

Røssland har eit sterkt engasjement for leselyst blant dei unge.

– Viss dei hatar ei bok så må dei få lov til å gjera det. Dei må få lov til å vera misfornøgde. Dette er ikkje mi greie, kan eg få ei anna bok? Så får eg prøva underhalda dei så best eg kan.

Til hausten er han aktuell som festivalforfattar på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu, noko han synest er stas.

– Det blir gøy å ikkje berre ha unge i publikum. Vaksne har også godt av å høyra frå bøkene mine. Dei berre veit det ikkje enno.

Les bokmeldinga av den siste boka til Tor Arve Røssland, Alt er lov!

Tor Arve Røssland med portrett av kunstnar på veggen.
Tor Arve Røssland ved sidan av portrett laga av kunstnar Ragnar Aalbu.