– Det er ein syklus for nordlysaktivitet, som styrer kor ofte og kor kraftig nordlyset er. 2025, 2026 og 2027 vil bli veldig gode år for å sjå nordlys også i sør, seier nordlysekspert Pål Brekke ved Norsk romsenter til NRK.
For å få den beste opplevinga, er det lurt å dra til ein stad utan mykje lys. Ta med kamera, og du kan sjå nordlyset endå betre, seier statsmeteorolog Magnus Haukeland til NRK.
– Kvart ellevte år går sola gjennom ein periode med høg aktivitet, kalla solmaksimum. Vi er no på veg mot eit nytt solmaksimum, som vil nå høgdepunktet tidleg i 2025, fortel Veronica Danielsen til Bergensavisen. Ho er fysikar og forfattar av boka «Nordlyset».