Ekstra stor sjanse for å sjå nordlys dei neste dagane

I dagane rundt vårjamdøgn er det meir nordlys.

Når det er vårjamdøgn, er dagen og natta like lang. I år er vårjamdøgn 20. mars.

– Det er i snitt meir nordlys rundt haustjamdøgn og vårjamdøgn, skriv Pål Brekke i ein e-post til forskning.no. Han er fagsjef for romforsking ved Norsk Romsenter.

Nordlys blir laga når partiklar frå sola treff eit magnetfelt som er rundt jorda. Det har vore mykje nordlys denne vinteren fordi det har vore mange solstormar.

For å sjå nordlys må det ikkje vere skyer på himmelen. Det er også lurt å finne ein mørk stad der det ikkje er lys frå hus eller gatelykter.