Svenske barn skal starte eitt år tidlegare på skulen

I Sverige startar barn på skulen eitt år seinare enn i Noreg. No vil svenske styresmakter endre på dette.

I Sverige startar barn på skulen det året dei fyller sju, men frå 2028 skal alle svenske barn starte på skulen det året dei fyller seks, skriv The Guardian.

Sveriges kunnskapsmnister seier at denne endringa vil føre til at elevane i større grad når måla om grunnleggjande evner som å lese, skrive og rekne.

Kritikarar av avgjerda meiner det er betre for barn si utvikling om dei får gå i barnehage og leike seg fritt fram til sjuårsalderen.

Kva tid er best å starte på skulen?

Kva tid er best å starte på skulen?

Året ein fyller 6 år2
Året ein fyller 7 år16
Svar totalt: 18