Ord og forkortingar
- Fvt.: Står for før vår tidsrekning. Når noko skjedde før vår tidsrekning, skjedde det før år 1.
- Ev..: Står for etter vår tidsrekning. Når noko skjedde etter vår tidsrekning, skjedde det etter år 1.
- Arkeolog: Ein person som forskar på samfunn og menneske som levde for lenge sidan, ved å undersøke leivningar, ting og andre spor som dei finn i bakken.
- Jordbruk: Jordbruk er mellom anna å dyrke plantar i jorda for å få mat.
- Leivningar: Leivningar er det som er igjen etter ein død person.
- Rav: Rav er kvae som har blitt trykt saman og derfor er veldig hard.
- Flint: Flint er ein bergart. I steinalderen lagde ein våpen og reiskap av flint.
Kjelde: Vesle norske leksikon og ordbøkene.no
Det var då arkeologar eigentleg undersøkte steinalderbustader at dei kom over den gamle hellekistegrava, opplyser NRK.
Ei hellekiste er noko menneske blei gravlagde i ved at det i ei grav blei bygd ei kiste av stein som døde menneske blei lagde i. Slike hellekister var spesielt utbreidd på Vestlandet i eldre jernalder (500 år fvt.–550 år evt..). No er det altså funne ei slik kiste på Austlandet, frå yngre steinalder (4000–1800 år fvt.).
– Det er heilt unikt. Ingen hellekister på Austlandet har tidlegare blitt undersøkte i eit prosjekt der ein har god tid til å gjere det skikkeleg, i alle fall ikkje i nyare tid, seier arkeolog Carine S. Rosenvinge til NRK.
I hellekista, som er frå tida då menneske begynte med jordbruk i Noreg, har arkeologane funne ei perle laga av rav og nokre pilspissar. Det er rett nok ikkje gjort funn av leivningar fordi dei har blitt brotne ned i jorda over lang tid.

Det som gjer hellekistefunnet ekstra spesielt, er at det skil seg frå andre liknande funn i området. Det er nemleg meir vanleg med slike graver over grensa i Sverige. Der er det vanleg å finne dolkar av flint i kista, noko som kan tyde på at gravene tilhøyrde krigarar.
I hellekista i Halden var det ingen dolkar. Difor er det mogleg at denne grava ikkje tilhøyrde ein krigar, slik mange av gravene i Sverige truleg gjorde.
Det er førebels usikkert om hellekista skal bevarast for publikum, takast inn eller fjernast etter at ho har blitt grundig undersøkt.























