Spennande kven som blir statsminister etter det svenske valet

Søndag 9. september er det val i Sverige. I år har det vore spesielt spennande å sjå kven som får fleirtalet bak seg som statsminister.

Sveriges statsminister Stefan Löfven. (Foto: Frankie Fouganthine, CC BY-SA 3.0)

I mange land er det statsministeren som er den mektigaste. Slik er det i Noreg, Sverige, Danmark og Storbritannia – og mange andre land.

Statsministeren må ha støtte frå fleirtalet av dei folkevalde i parlamentet. Det er parlamentet som bestemmer lovene og kva skattar me må betala – og kva staten skal bruka pengar på.

I Noreg er Stortinget namnet på parlamentet vårt, mens i Sverige heiter det Riksdagen.

Ulf Kristersson håpar å bli ny statsminister for partiet Moderaterna. Foto: Frankie Fouganthin, CC BY-SA 3.0

Vanskeleg å få fleirtal

I Sverige har Stefan Löfven vore statsminister i ei raud-grøn regjering med Sosialdemokraterna og Miljöpartiet dei siste fire åra, med støtte frå Vänsterpartiet.

Dei partia som er ueinige med dei, blir kalla opposisjonen. I Sverige håpar fire parti frå opposisjonen, som kallar seg Alliansen, at dei skal få fleirtal for ein ny statsminister.

Jimmie Åkesson (39) er leiar for Sverigedemokraterna.
Foto: Per Pettersson, CC BY 2.0

Motstandarar av innvandring

Sverigedemokraterna og leiaren deira Jimmie Åkesson vil ha slutt på nesten all innvandring til Sverige. Dei meiner den høge innvandringa fører til meir kriminalitet, og gjer at innvandrarane som allereie er i Sverige får problem med å læra seg språket og få seg jobb.

Både dagens regjering og Alliansen har sagt at det er uaktuelt å samarbeida med Sverigedemokraterna på grunn av den harde motstanden deira mot innvandring.

Zlatan Ibrahimović er ein av mange kjendisar som kom til Sverige som flyktning. Foto: Илья Хохлов, CC-lisens/Wikipedia

Sverige er eit av dei landa i Europa som har tatt imot flest innvandrarar dei siste åra. Sidan flyktningkrisa i 2015 har Sverige tatt i mot 300.000 flyktningar. Også tidlegare har Sverige tatt imot fleire flyktningar, slik som Zlatan og Laleh og fleire andre kjente personar.

Skal forhandla

Både regjeringa og Alliansen har den siste tida gått inn for å stramma inn, slik at Sverige ikkje skal ta imot like mange flyktningar som før. I dei neste vekene skal partia snakka saman og forhandla om korleis politikken blir dei neste åra – og kven som blir statsminister i Sverige dei neste åra