Stefan Löfven (61) er statsminister i dag. Han leiar Socialdemokraterna, søsterpartiet til norske Arbeidarpartiet. Foto: Frankie Fouganthine, CC BY-SA 3.0

Statsminister Stefan Löfven seier til SVT etter valet at han vil halda fram som statsminister. Hans eige parti, Socialdemokraterna, er framleis størst. Dei styrer i dag regjeringa saman med Miljöpartiet, og får støtte frå Vänsterpartiet.

Dei tre partia får så vidt meir stemmer enn dei fire partia i Alliansen. Det er under 30.000 stemmer i forskjell mellom dei to blokkene.

Valdeltakinga er førebels på 84,4 prosent, noko som er høgt, men likevel litt mindre enn i 2014.

SVT har laga eit fint puslespel som lar deg leika med ulike fleirtal i Riksdagen. Sjekk det ut her!