Før utdelinga hadde Swift og Beyoncé vunne 30 prisar kvar. Då Swift fekk den nye prisen «Artist Director Honor», gjekk ho forbi Beyoncé, skriv Aftenposten.
Swift vann også prisen for årets musikkvideo med «The Fate of Ophelia».
– Eg fekk byrja å laga musikkvideoar og vart ein del av dette for 20 år sidan. De, fansen, gjer det så gøy, sa Swift i takketalen.
Der fekk ho også nemnt at ho har vore involvert i produksjonen av rundt 60 musikkvideoar og har skrive og regissert 18 av dei sjølv.






















