Kranglar etter valet i Sverige

Dei har framleis ikkje kome fram til ei løysing om kven som skal styre landet etter valet for nokre veker sidan.

I Sverige er det på ein måte to lag. På det eine laget er dei borgerlege partia:

  • Liberalerna
  • Senterpartiet
  • Kristendemokraterna
  • Moderaterna

Den andre gjengen, som sat i regjering fram til valet, er:

  • Sosialdemokraterna
  • Venstre
  • Miljøpartiet

I tillegg har dei partiet ingen vil sitje i regjering med, men som fekk mange røyster under valet. Nemleg Sverigedemokraterna.

Det er blitt klart at statsminister Stefan Löven ikkje skal fortsette som statminister.

Problemet er at ingen av dei to gjengane har fleirtal. Enten må eitt av partia skifte side, eller så må dei samarbeide med Sverige Demokratarna.

Om dei ikkje blir samde blir det attval.