Elevrådet oppfordrar: Hjelp oss! Føresette bør lære borna meir disiplin!

Me i elevrådet likar god stemning! Kven gjer vel ikkje det?

I november tok elevane på Fjelltun skule elevudersøkinga til UDIR. Resultata frå undersøkinga heva ikkje akkurat stemninga. Skulen skåra bra på trivsel, noko som er veldig positivt. Men mobbetala var høgare enn ønska. Me i elevrådet hadde eit møte om dette, kor elevane sa at heimane kan gjere mykje for at me skal få tala ned.

Me elevane er veldig nøgde med dykk føresette, viser tala frå elevundersøkinga. Men er det berre fordi for mange får lov til det meste? Det at me elevar er så nøgde med dykk, gjer at de har stor påverkningskraft, då er det viktig å ha ein balanse mellom å seie: “ja” og “nei”.

Mykje av oppførselen på skulen og med vener kjem av kva slags grenser det blir sett heime. Mange foreldre og føresette er veldig opptekne av å skulle vere den beste føresette. Alt som blir ønskt skal få svaret: “Ja”. Det skal ikkje vere strengt tilsnakk. Men spørsmålet er; “lønar det seg i det lange løp?”

Me i elevrådet meiner føresette ikkje bør godta oppførsel som for 30 år sidan var uakseptabel.

Til dømes korleis me snakkar om og til kvarandre. Føresette bør lære borna meir disiplin. Men kva meiner me eigentleg med dette sterke og litt gamle ordet?

Elevrådsleiar Peder August seier han tenkar på disiplin i denne settingen om du handterer kvardagen ordentleg, og korleis du oppførar deg og visar respekt. Elevrådet støttar han i denne ytringa.

Ser du på TV? Me meiner det er alt for mykje stygg ordbruk som berre blir akseptert. Dei som er på TV og andre plattformer er jo rollemodellar for mange. Men dei tar ikkje nok ansvar, meiner me.

Det er alt for mykje banning og krenkande snakk, spesielt i realitysjangeren.

Slikt snakk finn me ikkje berre på TV, men også i bøker og ikkje minst i sosiale medium. Difor bør ikkje barn få smarttelefon før dei er ti år, og aldersgrenser bør følgjast. Du har kanskje fått med deg at mange bøker no blir omskrivne, det blir tatt vekk dei orda som blir sett på som stygge og krenkande. Men då er det vel enda viktigere å ta desse orda vekk frå det munnlege i kvardagen?

Men det jo ikkje berre dei vaksne sitt oppdrag å ikkje seie stygge ting. Me tenkar at dersom me gjer det kult å ikkje seie stygge ting vil færre unge gjere det. Det må vere kult å vise respekt og framstå som takksam. I haust hadde me i elevrådet og dei vaksne på skulen besøk av Siri Abrahamsen som driv med “Gleding”. Dette er det motsette av mobbing. Me som skule har fokus på å gjere gode ting mot kvarandre og snakke positivt og fint til og om kvarandre.

Nokre føresette har nulltoleranse for uakseptabel oppførsel. Det vil me oppfordre alle til å gjere og samtidig fremje positivt snakk og “Gleding”.

For at me skal ha god stemning på skulen og ellers i kvardagen ønsker me at de som vaksne skal stå fram som gode rollemodellar. Då er det viktig at stygge ord også vert fjerna frå kvardagsuttalen til oss alle. De vaksne har stor påverkningskraft, og me vil gjerne ha dykk med på laget, for å få slutt på stygg ordbruk og uakseptabel oppførsel.

Me er takksame for at den nye kunnskapsministeren Kari Nessa Nordtun set fokus på mellom anna mobilfri skule, noko Fjelltun skule allereie har gjort. Me opplever dette som positivt i skulekvardagen. Utan mobilen er me meir sosiale, og skuledagen blir opplevd tryggare for mange.

Kunnskapsministeren har i ulike medier uttalt at mobilen ikkje har ein plass i skulen. Dei høge mobbetala på landsbasis aukar for andre år på rad, det visar at fjerning av mobil ikkje er nok. Me må gjere meir! Me ynskjer at ho saman med oss kan setje fokus på negativ språkbruk og fremje “Gleding” på skulen og fritida.

Saman kan me som elevar, de som føresette og dei vaksne på skulen gjere ei endring. Ønske vårt i elevrådet er at vaksne skal spre meir glede. Vår teori er at unge gjerne vil glede andre dersom de vaksne gjer det først! Saman er me sterke!