Foreldra må vise tillit til at barna ikkje er innpå tull på nett

Det er viktig at barn lærer tidleg å ta gode val når det gjeld skjermbruk, skriv Johannes (10) ved Norheimsund Friskule.

Eg heiter Johannes og er 10 år. Dersom eg hadde vore ordførar ein dag, ville eg brukt denne dagen godt.

Eg ville halde eit kurs for alle foreldre. Der ville eg sagt at det må vere mindre foreldrekontroll på PC, nettbrett og mobil.

Det er viktig at barn lærer tidleg å ta gode val når det gjeld skjermbruk. Og då må ikkje foreldre stå over som politi, for då gjer barn kanskje motsett.

Og foreldra må vise tillit til at barna ikkje er innpå tull på nett.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!