Fritidskort til alle kommunar!

Knut Bernhard i 7. trinn på Norheimsund Friskule synest at fleire barn skal få høve til å bli med på fritidsaktivitetar – og er klar på kva han ville gjort om han var ordførar for ein dag.

Alle har rett til leik, kvile og fritid. Denne retten skal vera uavhengig av foreldre sin bakgrunn, samlivsform eller yrkesliv. Vårt felles samfunnsansvar er å sikra at alle barn får sjanse til å delta i aktivitetar innan idrett, musikk, dans, teater eller annan ynskjeleg fritidsaktivitet.

Dette er eit sitat frå FNs barnekonvensjon.

Ifølge Den norske bank sine nettsider deltek diverre over 200 000 norske barn over seks år ikkje på nokon fritidsaktivitetar, fordi dei ikkje har råd.

Eg bur heldigvis i ein kommune med veldig gode fritidstilbod.

Det er eg veldig glad for.

Det er det ikkje alle som gjer.

Eg synest eit godt fritidstilbod er viktig.

Det er viktig at barn og unge kjem seg ut og gjer på noko anna enn å spela dataspel ein vert avhengig av.

I Kvam herad der eg bur, kan du få 900 kr inn på eit kort du kan bruke på forskjellige fritidsaktivitetar, som fotball, bordtennis, skøyter, handball, friidrett og mykje anna.

Det er veldig populært, og alle bruker tilbodet!

Eg anbefaler dette tilbodet til andre kommunar i Noreg.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!