«Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg brukt pengane til å kjøpe fleire fysiske leikar til skulane»

Selihom er 10 år og går på Norheimsund Friskule, og har planen klar om ho hadde vore ordførar for ein dag.

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg brukt pengane til å kjøpe fleire fysiske leikar til skulane.

For det første blir dei øydelagt.

For det andre er dei dårlege når elevane bruker dei.

Leikane fungerer ikkje alltid som dei skal.

Og det er dårleg kvalitet i fotballane som det er lite luft inni.

Det burde også vore kunstgras på fotballbanane så elevane ikkje skadar seg når dei spelar fotball.

Dessutan burde det vore stødigare nett på fotballmåla.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!