Dersom eg hadde vore ordførar, ville eg ikkje hatt lekser i skulen

Kaleb går i 6. trinn på Norheimsund Friskule, og er mot lekser i skulen.

Finland har eit av verdas beste undervisningssystem, og det utan lekser.

Mange lærarar seier at det er kjempeviktig med repetisjon, som det er masse av i lekser, men eg meiner det er meir ein nok repetisjon på skulen til at elevane lærer det dei skal.

Forsking har vist at lekser kan skape helseproblem som stress og angst. Det gjeld på alle skuletrinn.

Lekser tar av fritida som du kunne brukt på å vere sosial med venner.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!