Kva eg hadde gjort om eg var ordførar

Mathilde er 10 år og går på Norheimsund Friskule, og har planen klar om ho hadde vore ordførar for ein dag.

Eg hadde bygd fleire sjukehus, fordi det er ein time å dra til sjukehuset der eg bur. Og tenk om du berre skal hente noko lite, og så må du dra ein time. Det blir berre rart for meg.

Det burde også vore fleire klesbutikkar for dei barna over 10 år, fordi eg må dra heilt til Bergen for å kjøpe noko som passar og det tar jo lang tid viss ein bestiller på skjerm.

Eg synest det også burde vore fleire barnebutikkar i Norheimsund, fordi det er berre ein leikebutikk, trur eg.

Eg hadde hjelpt klimaet, eller prøvd i alle fall.

Så hadde eg ete min fantastiske kveldsmat og lege i den STORE senga mi og snorka heile natta.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!