Skrivekonkurranse: Skriv om ein menneskerett!

Menneskerettane fyller 75 år! Bli med på skrivekonkurransen vår om menneskerettane, og vinn fine premiar!

Menneskerettane er nokre rettar som alle menneske har, uavhengig av kjønn, alder, religion, legning, nasjonalitet eller kvar ein bur i verda. Stemmerett og fridom til å tru det ein vil, seia det ein vil og vera medlem der ein vil, er nokre av dei viktigaste menneskerettane.

Vel éi av desse oppgåvene:

– Skriv om ein menneskerett du skulle ønske at fanst, og korleis denne ville gjort verda betre.
– Skriv om ein menneskerett du synest er ekstra viktig og kvifor denne er viktig i dag.
– Lag eit intervju med 2–3 i klassen din der du spør om kva dei meiner er ein viktig menneskerett og kvifor dei synest denne menneskeretten er viktig. Hugs å send med bilde og telefonnummer til kvar forelder av dei du har tatt bilde av.

Krav

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar.

Frist: 1. desember 2023

Vinn fine premiar

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior, får abonnement på papiravisa Framtida junior i to månader og ei bok. Skuleklassen som sender flest gode bidrag, får 1000 kroner i klassekassen.

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com

Det er heilt greitt at lærar sender inn for heile klassen.

Skriv «Skrivekonkurranse menneskerettar» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og namnet på skulen din.

Last ned verdserklæringa om menneskerettar her!

Les også: Miljøjournalistkurs: Tips til gode, grøne saker for Framtida Junior!