Miljøjournalistkurs: Tips til gode, grøne saker for Framtida Junior!

Slik kan du laga gode miljøsaker for skuleavisa, lokalavisa eller Framtida Junior.

1. Samla idear

Når du skal vera journalist, så er det viktig å ha ein idé. Det er lettast å finna idear saman med andre. Spør foreldra dine, læraren din eller andre du kjenner om dei har tips eller idear til ei miljøsak frå heimstaden din. Snakk òg med nokre venner eller klassen din om kva dei trur kan vera interessant å lesa om.

Me i Framtidajunior.no brukar å ha redaksjonsmøte, der me diskuterer idear til saker og korleis me vil laga dei – og kven me vil intervjua. Det kan vera lurt at du har eit slikt redaksjonsmøte saman med nokon i klassen din eller andre du kjenner.

2. Tips til saker:

• Intervju ordføraren i kommunen din om miljø- og klimatiltak i kommunen din.
Tips til spørsmål: Kva gjer kommunen for å få færre til å bruka bil? Kva gjer kommunen for å ta vare på naturen? Kva skal til for at kommunen kan gjera meir? Osb.

Fleire skular har fått seg skulehage: Victor Arstad Dalbakk (10), Fredrik Halland (10) og Darian (11) steller med plantene på skulen i Oslo. Arkivfoto: Christian Wiik Gjerde.

• Gjer skulen din noko spesielt for miljø og klima? Intervju leiaren i elevrådet og rektor.
Tips til spørsmål: Korleis kan skulen din bli meir miljø- og klimavennleg enn i dag? Kva skal til for at skulen skal gjera meir? Kva skal til for at skulen din skal få ein skulehage der elevane kan dyrka kortreist mat? Blir alt bosset frå skulen resirkulert? Har skulen solceller på taket eller anna miljøvenleg energi til oppvarming? Osb.

Intervjua nokon du kjenner eller har høyrt om som bryr seg ekstra om natur, miljø og klima.
Tips til spørsmål: Kvifor bryr du deg ekstra om natur, miljø og klima? Kva meiner du må gjerast for å ta ekstra vare på naturen, miljøet og klimaet? Kva tenkjer du om framtida viss det ikkje blir gjort meir for å ta vare på naturen? Osb.

Lag ei sak om smarte miljøløysingar:
Har du lese noko i ei avis eller høyrt om ei smart klima- eller miljøløysing som andre barn kan vera interesserte i å lesa om?

• «5 på gata» om miljø: lag nokre 1-2 spørsmål om miljø og spør andre på skulen kva dei meiner om desse spørsmåla.
Tips til spørsmål: «Er det på tide at Noreg sluttar å leita etter meir olje?» og «Kvifor?» eller «Bør det bli faste ryddedagar for alle skular i Noreg?» og «Kvifor?»

• Skriv ei oppskrift på klimavennleg og god vegetarmat.

Sjå gjerne kva som er ein nyheit, og korleis du lagar ein nyheitsartikkel!

 

3. Slik er du journalist og lagar intervju:

Når du har tenkt gjennom ideane til kva type sak du vil laga, så er det på tide å finna informasjonen du treng. Kanskje du kan gå ilag med ein i klassen eller ein venn og laga spørsmål til den eller dei som du vil intervjua.

Det er lurt å ta med minst 5-7 spørsmål (men gjerne fleire!) til den som skal bli intervjua. I tillegg må du spørja om fornamn og etternamn, alder og skule eller yrke til den som du intervjuar.

Gode spørsmål startar med spørjeord som kva, kven, kvar, kva tid, korleis og kvifor.

Andre tips før du går på intervju:

• Ta med notatblokk og skriv ned svara til den som blir intervjua. Du kan også nytte mobilen til å ta lydopptak du kan lytte til etterpå viss du ikkje rekk å notere alt.

• Ver høfleg med den som du intervjuar og fortel at du lagar ei sak til skuleavisa, ei skuleoppgåve og/eller at saka kanskje kjem på Framtida Junior.

• Ikkje ver redd for å stilla dumme spørsmål, og spør igjen viss det er noko du ikkje forstår eller synest er uklart.

Halloweenfeiring med jenter frå Skotaberg på Stord. Frå venstre: Irmelin Pedersen (bak), Ingeborg Runnsne (bak), Marlene Pedersen og Adine Tverborgvik. Anna Sofie Hegle Stensletten, Ella Lone og Abelone Susan Haga Svendsen og Nora Elise Hauan framme. (Foto: Svein Olav B. Langåker).
Halloweenfeiring: Prøv å ta bilde så nært fjesa du kan. Det går heilt greitt at nokre bilde er på skeiva. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker

4. Foto

Viss du skal ta bilde sjølv, så er det viktig å prøva med fleire bilde. Gå gjerne nært dei du skal fotografera, og la det vera eit breiddebilde.

Skal du fotografera barn under 15 år, så må foreldra godkjenna det. Skulen din veit ofte om foreldra har godkjent at barna kan fotograferast.

Viss du treng illustrasjonsfoto, så er det mogleg å finna gratis bilde på Pixabay.com og det er mogleg å søkja på Google etter gratis bilde her! Wikipedia har òg ofte bilde som det er lov å bruka. Det er uansett lurt å ta med kva nettadresse du har funne det på i bildeteksten.

1: Bildetekst
2: Overskrift
3: Ingress

5. Slik skriv du ein artikkel eller eit intervju

Start alltid med dei viktigaste og/eller det mest morosame først, og så kan du ta det som er mindre viktig etterpå.

Ein artikkel har:

  • Overskrift: skal fortelja det viktigaste i saka: kva og kven handlar det om. Har gjerne verb i seg, og er fint om ho kan vera spennande og vekka merksemd.
  • Ingress: kjem rett etter overskrifta, og oppsummerer det viktigaste i saka og bør gi svar på: kva har skjedd? med kven? og kva tid?
  • Brødtekst: hovuddelen av teksten. Her kan du også ta med det direkte sitat av det nokon seier til deg eller andre aviser, eller du kan skriva kva dei sa med dine eigne ord. Eit sitat startar med ein slik strek: –
    Når du har intervjua nokon, så kan du for eksempel skriva spørsmålet ditt først, og så skriv du kva dei svara på det? Då blir brødteksten spørsmål-svar-spørsmål-svar osb.
  • Bildetekst: ein liten tekst som fortel kven som er på bilde eller kva som skjer på bilde, og namnet på fotografen (og viss de har funne bildet ein stad, kvar det er funne)

Ein artikkel kan òg ha:

  • Mellomoverskrifter: små overskrifter inni brødteksten.
  • Faktaboks: forklarer vanskelege ord og gir dei viktigaste fakta i saka.

Til slutt: når du skriv ein artikkel eller eit intervju som journalist, skal du ikkje skriva dine eigne meiningar. Du skal prøva å få fram andre sine meiningar, men eigne meiningar kan du skriva i lesarbrev.

Lukke til!

Spør oss gjerne om det er noko du lurer på!

Og ta gjerne ein kikk på miljø- og klimautgåva av Framtida Junior her!

Miljøjournalistkurset er støtta av: