Usikkert om Bobi var verdas eldste hund

Blei verkeleg hunden Bobi 31 år?

Den portugisiske mastiffen Bobi døydde 21. oktober. Då hamna han samtidig i Guinness World Records som verdas lengstlevande hund. Men no skal Guinness World Records undersøke om det er sant at Bobi blei 31 år og 165 dagar gammal, skriv The Guardian.

Nokon meiner nemleg at bilde av Bobi frå 1999 viser at potane til hunden på bildet har andre fargar enn hunden som døydde 21. oktober. Dei som sår tvil om alderen, meiner også at det heller ikkje er gjort nokre testar som viser nøyaktig kor gammal den portugisiske mastiffen blei.

Umogleg å bli 200 menneskeår

Viss Bobi verkeleg blei 31 år, er dette det same som 200 menneskeår. Fleire veterinærar meiner dette er umogleg. Eigaren til Bobi seier at hunden levde så lenge fordi han hadde gode gener, åt den same maten som menneska i familien og elles levde eit roleg liv.