Inspirert av besteforeldre og YouTube

Inspirasjonen til å lage kunst kan komme frå fleire stader.

Sjøholmen kulturhus arrangerte «Unge kunstnaras haustutstilling» i september. På denne kunstutstillinga kunne kunstnarar i alderen 4 til 19 år sende inn sine kunstverk. Ein av kunstnarane som fekk vist fram sine kunstverk, var 12 år gamle Nikolai Lien Kvam.

– Eg har alltid likt å vere kreativ, seier han.

Til kunstutstillinga hadde han laga nokre teikningar med blyant, eit sett borkebåtar som han hadde spikka og dekorert, ei skisse med akvarell og eit akrylmåleri.

– Eg har drive med teikning frå eg var liten og har gått på fleire teiknekurs. I tillegg har farmor og bestemor inspirert meg til å teikne og måle. Farfar laga også borkebåtar då han var ung, fortel Nikolai.

Han har fleire tips til barn som vil lage kunst.

– Først og fremst må dei finne noko å drive med som dei liker å halde på med. Det er også lurt å gå nokre kurs for å lære litt meir teknikk. Eit anna tips er at det er mykje å bli inspirert av på YouTube, seier Nikolai.

BORKEBÅTAR: Nikolai har lært av farfar å lage borkebåtar. Foto: Privat