Kunst gjer deg glad

Finske forskarar har undersøkt kva kunst gjer med oss.

Sjølv om me menneske har laga kunst i lang tid, veit me lite om korleis kunst påverkar kjenslene våre, skriv Ung.Forskning.no,

I studien var det 1.186 personar som deltok. Dei kom frå fleire land. Forskarane viste dei 336 kunstverk, og nokon skulle beskriva kva dei kjende då dei såg kunstverka og nokon skulle visa kvar i kroppen dei kjende noko. Ei tredje gruppe skulle sjå på kunsten, og så skulle forskarane observera kvar dei såg, og den siste gruppa skulle peika på dei delane av kunstverket som var mest interessant.

Mange ulike kjensler

– Å sjå på kunsten framkalla mange ulike typar kjensler hos menneska. Sjølv om mange av kunstverka behandla triste eller skumle tema, var kjenslene som menneska opplevde, hovudsakleg positive. Dei kroppslege kjenslene kunsten framkalla, bidrog også til kjenslene: Jo sterkare reaksjonen i kroppen var, jo sterkare vart kjenslene, seier forskar Lauri Nummenmaa i ei pressemelding.

GIF: Giphy.com