Kongeparet opna Munchmuseet

Etter fleire utsetjingar har det nye Munchmuseet i Oslo endeleg opna dørene for publikum.

– Over heile verda lever menneske som har hatt eit forhold til Munch sin kunst. Han tilhøyrer oss alle, sa kongen då han talte ved opninga av det nye Munchmuseet i Bjørvika i Oslo.

Han og dronninga var til stades på opninga – og dronninga hadde fått det viktige oppdraget av å klippa snora og erklæra museet for opna, skriv NRK.

I tillegg var også kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) blant dei oppmøtte.

Les også: Frakta Munch-måleri inn gjennom eit hol i veggen

42.000 objekt

– Eg trur eg kan seia – på vegne av alle – at dette er noko me har gleda oss til. Endeleg kan me samlast, og snart skal me gå inn i dei støre dørene til ein ny attraksjon, sa kongen.

Heile 42.000 objekt er på plass i det nye bygget, som det har vore mykje diskusjonar om. Nokre meiner det er eit stygt bygg, medan andre likar det godt.