Midtsommar kjem

Denne helga er det mange som feirar årets lengste dag.

Jonsok, eller sankthans, feirast frå kvelden 23. juni til 24. juni som offisielt blir rekna for å vera årets lengste dag.

Fram til 1770 var jonsok ein offisiell fridag, då fekk alle fri frå skulen og jobb. Sånn er det ikkje lengre, no held butikkar og bedrifter normale opningstider for denne vekedagen, og det som plar vera ope på laurdagen er framleis det.

Røtene til denne festivalen

Jonsok kjem frå ein heidensk markering av sommarsolkverva. Så langt tilbake som 400-talet har folk brent bål denne dagen. Opphaveleg skulle bålbrenninga driva vekk vonde ånder.

Feiring av sommarsolkverv blir heldt mange stader i Europa, då med andre namn. Feiringa av midtsommarhelgen i Sverige er ei av dei mest kjende.

I dag blir jonsokaftan feira som ein folkeleg, ikkje-religiøs sommarfest kvelden 23. juni. Mange brenn bål og kosar seg med vener og familie for å markera dagen.

Jonsokfeiring i Noreg

Gjennom åra har ulike skikkar knyta til jonsokfeiringa utvikla seg over heile Noreg.

I Oslofjorden og Sør-Noreg er det tradisjon for å feira sommarnatta med bål ved sjøen og grilling om vêret er fint.

På Slinningsodden ved Ålesund samlar hundrevis av tilskodarar seg rundt eit kjent landemerke både på land og vatn kvar midtsommarnatt. Slinnigsodden har tradisjon for å brenna eit 30 meter høgt bål, kalla Slinningsbålet.

I Flekkefjorden er det skikk å segla med båt rundt ein brennande båt som har lege for ankar midt i fjorden.

Spira på fjorden rett utanfor sentrum av Flekkefjord, jonsok 2011. Foto: Olav Henriksbø