Sankthans eller jonsok?

Midtsommar, sankthans, jonsok eller johannesvake. Det er mange namn på denne dagen.

Rundt omkring i landet vert denne kvelden markert med bålbrenning, god mat og sommarlege leikar. Fleire plassar i landet er det også vanleg med fantetog, der barna (og vaksne) kler seg ut og går i tog mot den store båltenninga.

Kvifor har det forskjellige namn?

Denne dagen er frå gamalt av ein minnedag for døyparen Johannes. Han som døypte Jesus. Men det er det veldig få som veit.

Sankthans kjem av Sankt Johannes, og Jonsok kjem frå  norrønt “jonsvaka” som betyr våkenatt for Jon.

Dei fleste markerer denne dagen fordi vi har hatt sommarsolsnu, som skjedde allereie 21. juni. Då sola er på sitt høgste, og snur og gir oss kortare, og kortare dagar.

Båltenninga

Tradisjonen med å tenne svære bål var ein hendsk skikk. Mellom anna skulle ilden halde heksene vekke, som var særleg aktive denne kvelden. Heksene hadde heksemøter ved Troms Kyrkje eller i Blokksberg i Harzen.