Mor til Mathias (13) er Noregs største matbloggar – no har dei laga kokebok saman

Når ein er sonen til Noreg største matbloggar, får ein vera med på mykje spennande på kjøkkenet.

Slik blir du betre til å laga mat:
  • Start med noko enkelt og noko du likar. Viss du synest det er vanskeleg, kan du laga mat saman med ein vaksen.
  • Nett som med alt anna, må me øva viss me vil bli god på matlaging. Viss me øver blir me flinkare – og desto betre smakar maten. 
  • Prøv og feil. Sjølv om det ikkje blir supervellykka første gang, går det aldri heilt feil.

Kjelde: Mathias og Trine

LES FAKTALUKK FAKTA

Mathias Jæger Eilertsen har foreslått fleire oppskrifter til den nyaste kokeboka til mamma Trine Sandberg.

– Eg har vore med og laga mykje mat til boka. Eg har også vore med på planlegginga, der eg har fått komma med idear. Det har vore veldig gøy og spennande, seier Mathias Jæger Eilertsen (13).

Han har vore med å laga den siste kokeboka til mamma Trine Sandberg, som har fått namnet «Trines kokebok for unge kokker». Som namnet tilseier, er det ei kokebok for barn og unge. Målet er å få dei unge kokkane i huset til å laga mat åleine.

– Dette er kokeboka eg sakna då eg var lita. Eg håpar den kan vera eit verktøy som alle barn kan bruka, seier Trine.

Etterlengta bok: Trine fortel at det er fleire som har etteryst ei kokebok som er tipassa ei yngre målgruppe. – Allereie no har eg fått så mange koselege tilbakemeldingar. I går fekk me bilder av ein gut som bakte pølsehorn frå boka. Foto: Cappelen Damm

Ansvarleg for fredagskos

Trine og Mathias fortel at boka er delt opp i fire deler: etter skuletid, middag, fredagskos, og kaker og søte saker.

– Eg er ansvarleg for pizza, seier Mathias.

Grunnen til at han har fått ansvaret for nettopp pizzaen, er at den er i fredagskos-delen av boka. Den delen var førstevalet hans, då Trine fortalde korleis boka skulle delast opp.

– Nokre priviliegiar må han få, seier Trine og smiler, medan ho leggjer til at ho også har tre barnebarn som har fått velgja ei oppskrift til kvart sitt kapittel.

Gir tilbakemeldingar: Dette er ikkje første gong Mathias bidreg til ein av mamma Trine sine oppskrifter. – Alle oppskriftene som kjem på bloggen, er mat me et heima. Foto: Sara Johannesen

Oreomilkshake til folket

Eit eksempel på ei av oppskriftene som kjem frå Mathias, er hans berømte oreomilkshake.

– Eg trur det blir den mest populære oppskrifta i boka. Den er lett å laga og veldig god – eg tippar eg har laga den i alle fall 20 gonger, seier han.

Trine fortel at dei har vore mykje på hytta i sommar, og at Mathias har laga den til alle barna som kom på besøk.

– Alle har likt den like godt som meg, seier han.

Vil du også vera ansvarleg for pizza?

Dette er ei av pizza-oppskriftene som er henta frå «Trines kokebok for unge kokker»:


Foto: Sara Johannesen

Pizza med spekeskinke og tomat

4 porsjonar, 1 ½ time, Litt vanskeleg


Pizzadeig – du trenger: 

  • 500 g pizzamjøl eller kveitemjøl
  • 25 g blå gjær eller ca ½ pose tørrgjær
  • 3 ½ dl vatn
  • ½ ts salt
  • 1 klype sukker
  • 1 ss olivenolje

Slik gjer du:

  1. Mål opp vatnet og ha det i ein liten kjele. Varm opp vatnet til det er cirka 20–30 grader (pass på, det går fort) og hell det over i ein bakebolle.
  2. Mål opp kveitemjøl, sukker, salt og olivenolje og ha i bakebollen. Bruk ein halv pakke fersk blå gjær eller tørrgjær, og ha det i bollen.
  3. Køyr kjøkkenmaskina på lågt tempo eit par minuttar til alt samlar seg til ein jamn deig. Dersom deigen er hard, kan du tilsetja 1–2 ss kaldt vatn. Viss deigen er veldig klissete, kan du ha i 1–2 ss kveitemjøl. Skru opp hastigheita litt, og la deigen stå og elta i ca 10 minuttar. Du skal no ha ein jamn og fin deig som samlar seg fint, og ikkje set seg fast i kantane på bakebollen.
  4. Dekk bakebollen med lok, ein tallerken eller plastfolie og la deigen heva til den har aukt til omtrent dobbel storleik. Det tek om lag 40 minuttar.

Topping og kvit pizzasaus – du trenger:

  • 100 g spekeskinke eller italiensk salami
  • 200 g reven ost eller 2 mozarella
  • 150 g cherrytomater
  • 2 ss pinjekjerner
  • pizzakrydder eller oregano
  • frisk oregano eller basilikum (viss du vil)
  • rista pinjekjerner (viss du vil)
  • 3 dl creme fraiche eller rømme
  • 1 kvitlauksfedd
  • ¼ ts salt
  • ⅛ ts pepper

Slik gjer du: 

  1. Mens deigen hevar, kan du finna fram to steikebrett og legga bakepapir oppå, og gjera klart resten.
  2. Del cherrytomatane i to. Ta av skalet på kvitlauken og hakk den opp i små bitar (eller bruk ei kivtlaukspresse). Finn fram ein liten bolle og ha i creme fraiche, kvitlauk, salt og pepper. Rør godt saman og smak på sausen, kanskje det trengst litt salt eller pepper? Eller kanskje du også vil tilsetja litt finhakka raud chili?
  3. Riv osten på eit rivjern eller skjær mozarellaen i tynne skiver. Finn fram spekeskinke, salami eller noko anna du vil ha oppå pizzaen.
  4. Set steikeomnen på maksimal styrke (vanlegvis 250–300 grader) over- og undervarme.
  5. Når deigen er heva ferdig og pizzasausen og toppinga er klar, kan du starta å kjevla pizzadeigen. Denne oppskrifta gir to store eller fire små pizzaer. Ha litt kveitemjøl på kjøkkenbenken og legg deigen oppå. Del deigen i to eller fire like store delar, som du trillar til bollar. Pass på at du har eit tynt lag med kveitemjøl på kjøkkenbenken, og kjevle kvar bolle til du har ein jamn og tynn pizzabotn. Legg pizzabotnane på steikebrett. Bre pizzasausen jamnt utover botnane med baksida av ei spiseskei eller liknande, men ikkje heilt ut i kantane. Fordel spekeskinke, tomat og ost utover pizzabotnane. Dryss gjerne over litt pizzakrydder eller tørka oregano.
  6. Steikast på midterste rille til osten er gyllen og botnen er gjennomsteikt. Ved 250 grader tek det ca 10 minuttar. Hugs gryteklutar!
  7. Server og et pizzaen med det same. Dryss gjerne over frisk basilikum eller pinjekjerner viss du har det.