Djupt inne i skogen står eit lite grantre. Ein dag får det besøk av sjølvaste nordljoset. Det har ein viktig beskjed: Grantreet skal vere vaktaren til vinteren og får i oppdrag å glede menneska.
Slik startar Anita Romie Hoff sitt eventyr om det vesle grantreet. For Anita sin del starta det heile med ein podkast og eit spørsmål.

Kvifor det da, mamma?
Anita er mamma til to gutar og kjente at ho hadde lyst til å bli flinkare til å svare på dei mange forskjellige spørsmåla sønene stadig vekk stilte.
– Eg fekk så mange spørsmål heile tida, som eg fekk dårleg samvit for at eg ikkje svarte grundig på. Eg hadde lyst til å gi barna mine kunnskap, men det var ikkje alltid lett i ein hektisk kvardag, fortel Anita.
Med det laga ho podkasten Hvorfor det da, mamma? Her tek Anita fatt på spørsmål ho har fått frå både eigne og andre barn.
I kvar episode svarer ho grundig på eitt spørsmål. Spørsmåla kan vere alt frå «Bæsjar flåtten?» til «Korleis flyg eit fly?».
Spørsmål blei til bok
Då Anita skulle lage julespesial i fjor, fekk ho sendt inn spørsmålet «Kvifor tek vi inn juletre, og kvifor pyntar vi dei?». Dette ville ho sjølvsagt svare på, men denne gongen svarte ho ikkje berre med fakta. Ho skreiv eventyret Historien om det vesle grantreet.

Anita visste tidleg at hovudpersonen i eventyret skulle vere eit grantre. Eit grantre som skulle kjennast levande, utan å vere menneskeleg.
– Det var viktig for meg at det skulle stå stille inne i skogen og rett og slett vere eit tre.
Gjennom grantreet fekk lyttaren innblikk i korleis juletretradisjonane har utvikla seg gjennom fleire hundre år, både gjennom fakta og fantasi.
Ifølgje Anita blei den litt uvanlege podkastepisoden teke veldig godt imot.
– Det var ein ven av meg som meinte at eg burde gi ut eventyret som bok – så då gjorde eg det.
Gamal tradisjon
Når Framtida Junior snakkar med Anita, kan ho røpe litt av det lesaren får lære i boka. Ho fortel at juletretradisjonen starta for fleire hundre år sidan. Midtvinters tok folk granbar og andre eviggrøne kvistar inn i husa sine. Dei grøne greinene var eit teikn på liv og vern i ei tid då det meste ute var mørkt og kaldt.
På 1500-talet byrja folk i Tyskland å ta heile tre inn i huset og pynte dei. På 1800-talet kom tradisjonen til Noreg.
– På den tida pynta folk trea sine med eple, nøtter, kaker og andre søtsaker, som gjerne blei ete når jula var over.
Anita fortel at tradisjonen med å pynte juletre med lys også går langt tilbake i tid. I starten var det rett nok levande lys, i motsetnad til dei elektriske vi kjenner i dag.
Juletrelysa hadde som mål å minne menneska om håp og det gode i verda.

Har to juletre
Anita er sjølv veldig glad i juletre. Heime har ho eit plasttre som er pynta med julepynt ho har arva av mora si. Men familien har også ein annan tradisjon.
Når dei feirar jul på hytta, går Anita og familien ut i skogen og høgg ned eit ekte grantre. Dette tek dei med inn og pyntar med heimelaga julepynt.
Anita synest det er spennande å sjå korleis juletrea har forandra seg gjennom åra.
– Til dømes er det ikkje lenge sidan alle måtte feste lysa på treet – eitt og eitt. No har mange plasttre med lys som er ferdig plassert, heilt perfekt. Kanskje det vil vere mogleg å kjøpe heilt ferdigpynta juletre i framtida, undrar Anita.

Ein ny juletradisjon?
Anita har eit ønskje om at barna som les boka hennar, vil bli enda meir glad i juletre.
– Eg trur boka kan hjelpe lesaren å forstå kvifor vi har tradisjonen med juletre. På den måten er det lettare å knyte eit nærare forhold til det.
Forfattaren håpar også at Historien om det lille grantreet kan vere starten på ein ny juletradisjon.
– Kanskje familiar saman kan lese eventyret kvar jul.






















