Elsa og Anna er populære Disney-figurar. No kjem dei til scenen i alle dei nordiske landa, fortel Det Norske Teatret i ei pressemelding.
Då Frost kom på kino i 2013 overtok den tittelen for høgast tenande animasjonsfilm som til då hadde høyrd til Toy Story 3.
Frå oktober kan ein sjå skodespelarane Mimmi Tamba og Ina Svenningdal i rollene som Elsa og Anna, dronning og prinsesse av Arendell på scenen, skriv NRK.
Musikalen har premiere på Det Norske Teatret i Oslo 14. oktober i år.
Ny versjon

Musikalen har tidlegare blitt sett opp på verdskjende Broadway i New York, men versjonen som kjem til Norden er heilt ny.
– Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor tillitserklæring frå Disney. Og ei ære! Eg storgleder meg til å laga den nordiske versjonen av hit-musikalen Frost, seier regissør Gísli Örn Garðarsson.