Vilja vann med dikt om gravferda til oldemora si

Vilja Lekve Halvorsen (10) seier det kan hjelpa å skriva dikt.

– Det er kult å vinna, seier 5.klassingen ved Brakanes skule i Ulvik. Ho er éin av to vinnarar av diktkonkurransen til Framtida Junior.

Begge vinnardikta kan du lesa nedst på sida her.

– Fortener det

Diktet til Vilja handlar om gravferda til oldemora hennar. Oldemora døydde i desember.

– Eg skreiv diktet fordi eg synest ho fortener det. Og så er det litt fordi eg trong å få det ut, fortel Vilja på telefonen.

Ho seier det kan vera fint å skriva dikt, for då kan ein få ut det ein tenkjer på.

– Det kan hjelpa å få det ut i eit dikt.

Vil bestemma sjølv

Vilja har skrive nokre dikt før, og synest det er kjekt å skriva når ho får bestemma sjølv, og ikkje andre bestemmer.

– Det er litt forskjell frå når læraren bestemmer, seier Vilja.

Ho fyller 11 år på søndag, og Framtida Junior gratulerer så mykje med både det fine vinnardiktet og bursdagen! Premie er på veg i posten!

Her er to av dikta ho senda inn til oss:

Gravferd

Det er mange folk her.
Eg veit ikkje kven alle er,
men alle er liksom så triste.
Det er mange som held tale og seier fine ting om Oldemora mi.
Det er fint.
Men så er det min tur, og då gløymer eg alt og seier berre:
Oldemor er kjærleik. 

Oldemor

Alt er stille.
Alt er borte no.
Oldemor er borte.
Eg får aldri sjå ho igjen.
Men eg håpar ho tenkjer på meg
fordi eg tenkjer jo på deg 

 

Her er diktet til den andre vinnaren, som er anonym:

Når det er så mørkt at du ikkje lenger ser lys
Når varmen har forsvunne og du sit igjen og frys
Når nokon du såg opp til svikta deg
Når dei forrår deg og du går i nok ein blindveg
Pust, pust

Alle skjuler noko dei er redd for å vise
Dei som går fremst kan og springe bakerst
Det er dei, dei som snur seg for å fnise
Ingen viser sitt ekte eg på pinterest
Pust, pust

Anonym jente 13

 

Me tar òg med eit fint dikt om lesing frå Amelia Hansen Heggøy (9) frå Moster:

Lesing

Eg liker å lese bøker,
med hus som spøker.
Mysterier som må løysast og myter og skumle historier.
Eg går aldri lei av lesing,
det er så gøy.
Lesing gjør meg blid og glad,
og då har eg det bra.