Du, eg og ingen

Leah Ovidia Langeland (12) har skrive eit dikt om det å kjenne seg åleine.

Eg følte meg gløymd

Eg var ingen

Eg var ubrukeleg

Eg hadde ikkje noko å seie.

Ingen ville vere med meg

Eg var heilt åleine

Ingen brydde seg

Dei sa: «Du er ikkje

noko tess

Du treng ikkje vere med

Du treng ikkje å leve»

Dei vaksne gjorde ingenting

Dei stod berre og såg på.

Nokre kviskra

Andre lo

Eg hadde ikkje noko å seie.

Eg var stygg

Eg lukta vondt

Eg var rar

Eg var barnsleg

Eg hadde ikkje noko å seie.

Eg sat og åt aleine

Ingen ville sitje med meg

Eg trengte ingen, sa dei

Slik fortsette det

Heilt til du

kom bort til meg

Du tok armen rundt meg

Du kviskra inn i øyra mitt:

«Eg er her.

Du er ikkje stygg.

Du er vakker.

Eg passer på deg.

Du skal ikkje vere åleine lenger»