Vulkanar på Venus er aktive

Forskarar har funne teikn på at ein vulkan på planeten nest nærast sola har rumla mykje i det siste.

Forskarane har sett på data frå eit gammalt romfartøy som har avdekt ny kunnskap om planeten Venus, skriv NPR.

Det er fyrste gong forskarar har sett direkte bevis på at vulkanane på Venus si overflate er aktive.

Ekstremt trykk, giftig atmosfære og temperaturar rundt 475 grader gjer det vanskeleg for menneske å utforska Venus.

Sjølv om det er klart at planeten har vulkansk aktivitet, veit me ikkje enno kor aktive vulkanane er.

Robert Herrick, ein av forskarane ved University of Alaska Fairbanks, rekna med at det kan gå alt frå eit par månadar til fleire titusen år mellom kvart utbrot.

Les meir: Tok læringa til verdsrommet

Les også: Barneskuleelevar gjorde viktig oppdaging