Barneskuleelevar gjorde viktig oppdaging

Elevar frå Canada gjorde stort vitskapleg gjennombrot i eit skuleprosjekt.

Barneskuleelevane oppdaga at ein allergimedisin hadde blitt giftig etter astronautar tok den ut i verdsrommet og heim igjen, skriv Smithsonian Mag.

Adrenalinsprøyter brukast for å behandla alvorlege allergianfall. Elevane var nysgjerrige på korleis stråling frå verdsrommet ville påverka sprøytene.

Etter medisinen kom tilbake til jorda skjønte dei at den hadde blitt giftig. Strålinga frå verdsrommet hadde endra den kjemiske samansettinga i stoffet til å bli giftig benzosyre.

Benzosyre er lovleg å bruka som plantevernmiddel, men er farleg å få i seg i større dosar.

Skuleprosjektet var del av NASA sitt Cubes in Space-initiativ, der dei sender forskingsprosjekt frå skuleelevar ut i verdsrommet.

Les også: Seks nye galaksar er oppdaga

Les meir: Tok læringa til verdsrommet