Tok læringa til verdsrommet

6. trinn på Ytre Arna skule vann Innovasjonsprisen i konkurransen Aksjon Gjenvinning.

Visste du at?
  • 75 prosent av alt aluminium som er laga i verda, er framleis i bruk akkurat no.
  • Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA har ein avdeling i Europa.
  • Det er mykje søppel i verdsrommet frå menneskeleg aktivitet.
LES FAKTALUKK FAKTA

På Ytre Arna skule i Bergen har elevane i 6. klasse lært om aluminium, verdsrommet og gjenvinning på ein utradisjonell måte: nemleg i eit fiktivt univers.

SOSIALT: Sebastian og Andrine fortel at det var gøy å jobbe saman og bruke hendene.

Elevane skulle redde planeten «Alydimos», som var overfylt av aluminium frå verdsrommet. Då måtte dei lage rakettar av resirkulert aluminium, med innebygde resirkuleringsmaskiner.

Gjennom prosjektet har dei lært om ulike planetar, ulike bruksområde for aluminium, og fått auga opp for kor viktig det er med gjenvinning. 

Lært mykje

Elevane Framtida Junior snakkar med er alle einige om at det har vore kjekt og lærerikt å jobbe med temaet på denne måten.

– Det har vore annleis. I staden for å jobbe på ark eller lære om kva dei ulike planetane heiter, har vi lært meir, funne ut av andre ting og stilt eigne spørsmål. Det har vore gøy, seier Kevin.

INNOVASJON: Klasse 6A på Ytre Arna skule i Bergen er nøgde med å ta heim innovasjonsprisen.

– Eg visste ikkje noko om aluminium, men har lært mykje meir. Det var gøy å vere meir aktiv i staden for å sitte på stolen og gjere matte, seier Lise.

Emily synest det har vore kjekt å samarbeide i grupper, for då kan ein hjelpe kvarandre. Sebastian fortel at det var gøy å få jobbe med skrujern og andre verktøy, og bruke hendene.

– Det gøyaste var å bygge rakettane, seier Dennis.

Skulen vann innovasjonsprisen for arbeidet dei hadde gjort. Alexander fortel at det vart både hopping og spretting då klassen fekk høyre om prisen.

LÆRERIKT: Alexander seier at han har lært mykje under prosjektet, mellom anna at Venus ikkje har nokon månar.

Engasjerte

Under prosjektet har elevane snakka om kor mykje søppel det finst i verdsrommet, og om vi bør stille fleire krav til landa som sender ut rakettar.

Elevane har samla inn mykje aluminium som kan gjenvinnast, til dømes brusboksar, hermetikkboksar, rør, kaffekapslar, folie og anna. 

Lærar Linn Hammersland fortel at elevane har vist godt engasjement og mykje kreativitet i arbeidet.

– Dei har gløymt at dei har jobba, samtidig som dei har lært, seier ho.

Aksjonen var arrangert av Hydro, Norsk Metallgjenvinning AS, Forskerfabrikken, Kavlifondet og Kavli.

MORO: Klasse 6B på Ytre Arna skule synest det har vore kjekt og lærerikt å vere med i Aksjon gjenvinning.

Foto: Skjermbilete/NASA